Nominert til årets folkemusikkarrangør
Her kan du lese mer om nominasjonen på FolkOrg sine sider.
HURRA!
Heme dine er en av tre nominerte til den gjeve prisen «Årets folkemusikkarrangør 2021», nok en gang! Dette er fjerde gang vi blir nominert til prisen, og det er like stor stas hver eneste gang, sier leder Sigrid Stubsveen. Dette gir en skikkelig inspirasjonsboost til å fortsette arbeidet med festival og sommerleir!
Henta fra FolkOrg sine sider:
Prisen for Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet. Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar.
Prisen er på kr. 20 000 blir delt ut på Folkelarm, under Folkelarmprisen torsdag 25. november.
Dei nominerte til Årets folkemusikkarrangør 2021 er, i alfabetisk rekkefylgje Heme dine, Rudi Gard og TrondheimFOLK.
Heme dine
Heme dine vert arrangert på Lillerøåsen i Engerdalen og har sidan starten i 2016 opparbeidd seg eit godt renommé og ein solid publikumsbase.
Festivalen er drive av unge og motiverte festivalarbeidarar og viktige stikkord for arrangementet er innovative kulturopplevingar, store musikkopplevingar, friluftsliv, kurs, konsertar og dans.
Intimt og triveleg
Heme dine har i løpet av få år greidd å skapa eit godt rykte både blant lokalbefolkninga og i resten av Folkemusikk-Noreg. I tillegg til meir kjende artistar tek også festivalen med den lokale kulturen inn i programmet, både i form av mat, musikk, dans og natur. Friluftsliv og natur har òg ei sentral rolle i festivalen, og dette set sitt preg på fleire ledd i festivalen, i form av til dømes kurs, fjellturar og foredrag. På Heme Dine er det er stadig noko nytt å vera med på for publikum.
Viktig rekrutteringsarbeid
Heme dine arrangerer òg sommarleir for born og unge. Sommerleiren er ein møtestad der barn og unge får mogelegheit til å møte andre med same interesse. Sommarleiren tilbyr både opplæring innan både friluftsliv, instrument, song og dans og dei som deltek får oppleve både natur og kultur i lag. Dette er viktig og flott rekrutteringsarbeid!
Heme dine har vore nominert til Årets folkemusikkarrangør 3 gonger tidligare.
Prisen vert delt ut under Folkelarm i november