Velkommen til Hemoms andre konsert i 2023 - denne gangen med Mari Midtli (vokal) og Astrid Sulheim (fele). Mari og Astrid gir ut felles soloplate 8. mars, med fokus på kvinnene i slåttemusikken. Vi gleder oss til å få besøk av disse dyktige musikerne til Engerdal!
Mer informasjon om konserten kommer snart.
Om artistene:
Mari Midtli og Astrid Sulheim er to av dei fremste kvinnelege folkemusikarane i landet. I tillegg er dei tradisjonsberarar for den tradisjonelle vokalmusikken og slåttemusikken i Nord- Gudbrandsdalen. Nå er dei aktuelle med ei felles soloplate med songar og slåttar knytt til kvinner.
Tradisjonelt var det menn som dreiv med slåttespel, derav omgrepet «spelmann». Samstundes er det mange av dei tradisjonelle slåttane som har kvinnenamn. Den vokale folkemusikken har i større grad vore utøvd av kvinner. Denne konserten består av songar og slåttar med kvinnenamn, eller er knytt til kvinner. I denne konserten får du gjennom song og spel møte ulike kvinneskikkelsar. Somme er unge, somme er gamle, somme er «kvæke» og andre er triste. Velkomen til ei triveleg stund med kvinna i høgsetet.