
Årets artister og utøvere 2024
Nordstoga & Reistad
-
I meir enn 25 år har Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framførar viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengjande. Over alt der dei fer set dei spor, dei er ei musikalsk lukkepille.
No er dei aktuelle med albumet “Tom Duley og andre viser”, som er fyrste duoplata deira. Der finn ein songar henta frå viseboka med same namn, som Hartvig Kiran gav ut i 1962. Publikum får høyre gamle nordamerikanske viser i Kirans nynorske omsetjing, i Nordstoga og Reistads doggfriske versjonar. Dette er viser som vart mykje brukt på 70-talet av artistar som Lillebjørn Nilsen, Kari Svendsen, Jørn Simen Øverli, Ivar Medaas og Lars Klevstrand.
Skurken på dansegolvet
-
Duoen Skurken på dansegolvet består av Steinar Odde (f. 1994) og Pål Bratås (f. 1976) frå henhaldsvis Lom og Hamar. Dei skriv eigne melodiar med tekstar på “døl” i folkemusikkstil med eit røft og rocka uttrykk.
I april ga dei ut debutplata si på Melovitten.
Pål Bratås - trekkspel, durspel
Steinar Odde - gitar, vokal mm.
Foto: Ørnulv Brun Snortheim
Mjøs/Sørheim/Wolski
-
Lat deg fortrylla av samklangen frå hardingfele, durspel og cittern! I spissen finn du Ingrid Sørheim, eit smilande vesen med ei utstråling som skin gjennom kvar melodi ho rører ved. Med sine to handplukka musikarar, Johanne Mjøs og Kristian Wolski, inviterer ho deg inn i deira musikalske leikegrind, der gamle slåttar frå Vestlandet og England er kledd i ei ny og moderne drakt.
Ingrid Sørheim – durspel
Johanne Mjøs - hardingfele og fele
Kristian Wolski - cittern
Martin Follstad & Olav Kjernmoen
-
Martin Follstad (f. 1994) og Olav Kjernmoen (f. 1964) kjem begge frå Alvdal i Østerdalen. Dei spelar begge to fele, og er av de fremste representantene for folkemusikktradisjonen i Nord- Østerdalen. I vinter ga de ut si duoplate med stoff fra Alvdal.
Martin Follstad - fele
Olav Kjernmoen - fele
Foto: Lars Vingelsgård
Isa Holmgren & Tone Ingvaldsen
-
Vokalist Isa Holmgren frå Sverige baserer seg på den svenske og norske folkemusikken. Ho har fordjupa seg i dansemusikken mellom anna frå Finnskogen og utforskar samspelet mellom dans og musikk.
I april slapp ho si andre soloplate, Dans med meg.
Isa Holmgren - vokal
Tone Ingvaldsen - dans
Foto: Mikko Malmivaara
Agnar Olsen & Kirsti Thoresen
-
Bli med på kurs i dansen Alvdalsspringleik med danserene Agnar Olsen og Kirsti Thoresen!
Foto: Runhild Heggem
Spelejenta
-
Spelejenta er eit eventyr om ei synsk, felespelande jente. Spelejenta ser i handa si at faren har stranda og sit forkomen på ei øy. Ho tek fela med seg og legg ut på ei ferd for å finne og trøyste han. Ho møter mange utfordringar på vegen, og då blir fela god å ha med. Spelejenta er ei magisk, vakker og underfundig forteljing for ung og gammal, formidla gjennom musikk, dans og skodespel av Anne Heidi og Sivert.
Anne Heidi er dansar, songar og skodespelar får Vang i Valdres utdanna i Musikkteater ved avd. Musikkteaterhøyskolen på høyskolen i Kristiania. Sivert Holmen er utøvande og skapande musikar på hardingfele med utdanning frå Norges musikkhøgskole.
Spelejenta av Jon Fosse. Regi Silje Onstad Hålien.
Sivert Holmen - hardingfele
Anne Heidi Kvam Hillestad - skodespelar, sog, dans
Alvdal spellmannslag
-
Alvdal sellmannslag kommer til Heme dine for å spille til dans og lage liv og røre.
Triakel
Kirsti Sæter
Kultivatorpodden
Bendik Smedåsgjelten Qvam
Stine Merete Furu
Mikkel Soya Bolstad

Instruktører og andre involverte
Grete Lillebo
Stompbakekurs, og smaking
Lørdag 27. juli
Foto: Anders Lillebo
Dag Nordli
Guida stisykling i fjellet
Lørdag 27. juli
Foto: Hege Tollefsen
DNT
Tur med DNT Engerdal og Trysil
Fredag 26. juli
Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes
