Hemom #2 og smakebiter på festivalprogram

Fredag 12. april inviterer vi til årets andre konsert på Hemom, denne gangen med duoen Odde & Holmen - hardingfele og fele/bratsj i skjønn forening!

Konserten skjer i Fjøset på Femundsundet kl. 19. Denne kvelden kommer også Rendalen spellmannslag for å spille litt til dans etter konserten, og det er mulig å kjøpe en kopp kaffe og noe å biteti fra Haugland.

12. april vil vi også friste dere med noen smakebiter på årets festivalprogram, så vi håper dere vil ta turen denne fredagskvelden!

Om duoen:

Bjørn Kåre Odde (frå Lom) på bratsj og Sivert Holmen (frå Valdres) på hardingfele utgjer duoen Odde & Holmen. Hausten 2023 kom dei med sitt andre album, “Føreferd” og no får vi oppleve dei på konsert i Engerdal.

Musikken er deira eigne komposisjonar basert på hardingfelemusikk som sømløst blir sydd saman til ein heilskap med improvisasjonar og klangbaserte stykke. Det har ikkje vore spesielt vanleg å kombinere hardingfele med andre strykeinstrument, men duoen har sidan 2012 utforska korleis hardingfela kan få nytt liv i kombinasjonen med Bjørn Kåre sin bratsj.  

Sivert og Bjørn Kåre studerte saman på Noregs musikkhøgskule i Oslo for omlag ti år sidan. I 2015 vart dei som duo kåra til Årets Folkemusikar under Folkelarm, og har seinare gjeve ut albumet «Sumarmorgon» og turnert i store deler av Noreg. 

Neste
Neste

Kjøp årskort til Hemom