Tilbake til alle arrangementer

Hemom #2 2024 - Odde & Holmen

  • Heme dine Engerdal, Innlandet, 2440 Norway (kart)

Årets andre konsert på Hemom 2024 er med duoen Odde & Holmen.

Bjørn Kåre Odde (frå Garmo) på bratsj og Sivert Holmen (frå Valdres) på hardingfele utgjer duoen Odde & Holmen. Hausten 2023 kom dei med sitt andre album, “Føreferd” og no får vi oppleve dei på konsert i Engerdal.
Musikken er deira eigne komposisjonar basert på hardingfelemusikk som sømløst blir sydd saman til ein heilskap med improvisasjonar og klangbaserte stykke. Det har ikkje vore spesielt vanleg å kombinere hardingfele med andre strykeinstrument, men duoen har sidan 2012 utforska korleis hardingfela kan få nytt liv i kombinasjonen med Bjørn Kåre sin bratsj.
Sivert og Bjørn Kåre studerte saman på Noregs musikkhøgskule i Oslo for omlag ti år sidan. I 2015 vart dei som duo kåra til Årets Folkemusikar under Folkelarm, og har seinare gjeve ut albumet «Sumarmorgon» og turnert i store deler av Noreg.

Haugland kafé står som vanlig for kafésalg.

Mer informasjon kommer.

Forrige
Forrige
16. februar

Hemom #1 2024 - Gjendine & Jørgine

Neste
Neste
25. juli

Heme dine sommerleir 2024